Om Groovekompaniet

Svartdal Groovekompani har røtar tilbake til 2001 då Ivar, Ole Petter og Eivind starta coverbandet Blaakonglane, som på det meste var ni stykk på scenen. Etter eit snaut tiår valde den harde kjernen å fortsetje under ei ny fane; fyrst som det smått useriøse Vassgrautgutane og seinare Groovearbeiderne – før det endelege namnet såg dagens ljos vinteren 2010. Sidan den tid har gruppa spela både på vidda og i byen, for unge og gamle, i beskjedne selskap og for store lag på fleire hundre stykk.

  • Ivar Barstad – vokal og bass
  • Ingebjørg Lognvik Reinholdt – vokal og perkusjon
  • Ole Petter Lindvik – sologitar
  • Eivind Aase – trommer